Lærarrettleiinga er tenkt som eit godt arbeidsverktøy for deg som bruker Servus! i undervisninga. Den gir deg nokre tankar og idear om dei ulike kapitla, fasit, ekstra oppgåver, kopimateriale, songar og notar, forslag til pedagogiske leikar, gode Internett-adresser og annan nyttig informasjon. Eg håper dette kan vere ein nyttig ressurs for deg som tysklærar, som kan gi gode impulsar i tyskkvardagen.
Eg har bevisst valt å vere forsiktig med for detaljstyrte forslag til gjennomføring av undervisninga. Lærarar er forskjellige, og det finst ikkje eitt riktig undervisningsopplegg. Der det er naturlig, kjem eg med forslag til opplegg som har fungert godt i mine eigne klassar.
Servus! følgjer ein hensiktsmessig grammatisk progresjon, og det er rikeleg med øvingsoppgåver i arbeidsboka. Eg ønskjer sterkt å påpeike at det ikkje er meininga at alle språklege utfordringar som dukkar opp i lesetekstaen, skal behandlast som grammatisk tema. Det er viktig at elevane kan lese så mykje tysk som mogleg, uten at språket til heile tida blir problematisert. Når det dukkar opp preposisjonsuttrykk eller adjektivbøying i ein tekst lenge før dette blir behandla som tema, er det berre viktig at elevane forstår innhaldet – grammatikken er ikkje eit tema.
Verket Servus! er laga med utgangspunkt i gjeldande læreplan for framandspråk og den felles europeiske referanseramma for læring, undervisning og vurdering av framandspråkkompetanse.
Eg håper at du vil finne mykje godt materiale i Servus! som grunnlag for ein spennande og kreativ tyskundervisning.
Lykke til!
Anne-Marie Schulze
Variasjon er nødvendig for å møte alle elevar i ein tyskklasse. God variasjon medverkar til å halde interessa ved like, og han gjer at ein som lærar møter elevane på deira ulike premissar. Servus! tilbyr eit mangfald av dialogar, kortare og lengre lesestykke og autentiske tekstar av varierande vanskegrad. Til desse finst det mange oppgåver av ulik art, lengd og vanskegrad, til dømes kommunikative oppgåver og ordkunnskapsoppgåver. Ulike øvingar gjer individualisering i klassarommet lettare. Servus! gir derfor eit godt grunnlag for differensiering i tyskundervisninga.
Servus! legg opp til at elevane skal vere aktive. Dette inneber at dei skal bruke språket både som mottakarar og sendarar i klassarommet. Servus! har mange oppgåver både i tekst- og arbeidsboka som er vigde grunnstrukturane i det tyske språket. Vidare gjer eit breitt utval av aktivitetsoppgåver det mogleg for elevane å bruke språket aktivt frå første time.
Elevane bør bruke mykje tid på aktivitetar som går ut over det reint reproduktive og formelle. Det er viktig at dei får leike med språket i friare og (tilnærma) autentiske situasjonar.
Servus! består av grunnbok, arbeidsbok og nettressurs.
Grunnboka er basert på krava i læreplanen om kommunikativ kompetanse og interkulturell forståing. Det er lagt vekt på at ulike teksttypar og tema blir introduserte, og at elevane skal få god innsikt i kulturen og geografien i dei tysktalande landa. Siktemålet er at elevane skal bli aktive brukarar av det tyske språket.
A-teksten introduserer hovudemnet i kapitlet og er som regel ein dialog eller ein enkel tekst som tek opp dagsaktuelle tema. A-teksten er ein enkel tekst som alle elevane bør arbeide med. Relevant grammatikk og ordkunnskap blir ofte introdusert her. B-teksten ligg litt over A-teksten i vanskegrad, men bør vere grei for dei fleste elevane å komme igjennom. C-teksten har ofte «Landeskunde»-vinkling. D-tekstane blir kalla «Kunterbuntes» og inneheld ulikt stoff, ofte dikt, små historier eller anekdotar, oppskrifter, songar osv. Slike tekstar er for det meste lausrivne frå temaet i kapitlet og kan brukast som ekstramateriell eller lesast av alle.
Arbeidsboka er fleksibel og kan brukast ein eller fleire gonger. Her finst det både grammatiske innføringsoppgåver som gir trening og bevisstgjering i grammatikk, og andre oppgåver som aktiviserer elevane til å snakke og skrive ut frå eigne erfaringar og idear, f.eks. om ting dei har sett, hørt, lese og lært. Oppgåvene spenner over eit vidt register, og formelle og friare oppgåver står side om side. Elevane skal på ein fornuftig og morosam måte tileigne seg det tyske språket. Intensjonen bak læreverket er blant anna at elevane skal lære å ta ansvar for og bli bevisste på si eiga innlæring. Det er laga eit eige ark med punkt der elevane kan bevisstgjerast om si eiga læring. Sjå kopioriginal 1.
Grammatikkoppgåvene følgjer ein progresjon som det i stor grad blir lagt opp til i A- tekstane i tekstboka. I arbeidsboka er oppgåvene delte i to ulike vanskegradar. Dette er visualisert med fargekodar – litt meir krevjande oppgåver er markerte med ein mørkare farge enn det dei andre oppgåvene har. Fargekodinga i arbeidsboka er med forsett utført på ein diskret måte, slik at læraren sjølv kan velje i kva grad elevane skal vere merksame på dette. Ei tilråding når det gjeld vanskegrad på oppgåvene blir også nokre gongar gitt i rettleiinga til leksjonane.
Dei fleste elevane møter svært lite tysk språk i omgivnadene sine. For at utbyttet skal bli best mogleg, bør samtalespråket i klassarommet så sant det lèt seg gjennomføre, vere tysk. Dette gjeld helsing, korte beskjedar, meiningsutveksling og samtale mellom elevane. Grammatikk bør gjennomgåast på norsk.
På nettstaden til Servus! finn elevane mellom anna eit stort utval av interaktive oppgåver, både oppgåver knytte til kvar leksjon i boka og frittståande ekstraoppgåver som øver inn forskjellige grammatiske emne. Nettstaden vil bli oppdatert kontinuerleg, og har desse delane:
Digital utgåve av grunnboka, med mange innlesne tekstar.
Oppgåvesett til bruk etter kvar leksjon.
Lytteøvingar til kvar leksjon, med oppgåver og transkribert lydtekst.
Oppgåvesett med enklare oppgåver til kvar leksjon.
Enkle forklaringar av den viktigaste grammatikken.
Interaktive grammatikkoppgåver.
Interaktivt verktøy til innøving av gloser i kvar leksjon.
Interaktive øvingsoppgåver. Språktrening med vekt på lesing.
Kopigrunnlag til ein del av oppgåvene i arbeidsboka.
Stoff om dei ulike delstatane i Tyskland, med oppgåver.
Ulike aktuelle tema med filmar og oppgåver.
Om Servus!
Rettleiing til leksjonane
Kopioriginalar
Årsplanar
Læreplanen
Diverse tilleggsressursar. Undervisningsopplegg til Tema og Landeskunde.
Læreplanen i framandspråk legg stor vekt på kompetanse i det å lære språk og kommunikativ bruk av språket og på interkulturell kompetanse. Læreplanen deler faget inn i tre hovudområde: Språklæring, Kommunikasjon og Språk, kultur og samfunn. Desse hovudområda er vidare delte inn i kompetansemål.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mappevurdering er ein metode som kan brukast for at eleven skal kunne sjå si eiga utvikling i tyskfaget. Mappa er ei systematisk samling oppgåvesvar som tydeleg viser innsatsen, framskritta og presentasjonen til eleven, og inneheld planlegginga eleven sjølv har gjort, eigenvurdering og lærarkommentarar. Ho bør også innehalde ei loggbok, der eleven bevisst gjer greie for tankar rundt arbeidet med faget.
Arbeidet med mappa vil kunne vere med og gjere eleven meir sjølvstendig og auke ansvaret for eiga læring. Mappa kan vere ein perm, ei enkel mappe eller liknande, der loggboka til eleven med eiga planlegging og kommentarar til arbeidet, saman med tilbakemelding frå læraren, utgjer innhaldet. Eleven vel sjølv kva for opp-gåvesvar han eller ho ønskjer å leggje i mappa, og desse oppgåvesvara skal vise utviklinga til eleven i faget. Det kan dreie seg om skriftlege oppgåver, bilete med skildrande tekst, videoopptak osv. Det er viktig at eleven sjølv aktivt er med på å velje innhaldet i mappa, og at det finst kriterium for utvalet.
Vurderinga av ei mappe bør skje ut frå kriterium utarbeidde mellom lærar og elev.
Dei siste åra har merksemda rundt dei forskjellige tenkje- og læringsstilane til elevane auka. I skolen blir det lagt vekt på tilpassa opplæring, der ein tek omsyn til at elevane arbeider forskjellig og lærer seg ting på ulik måte. Forsking har vist at ulike læringsstilar passar ulike menneske, ofte ei blanding av fleire stilar. Korleis kvar enkelt innhentar og hugsar kunnskap på best mogleg måte, varierer altså. Kjende forskarar på området er blant anna Howard Gardner (dei sju intelligensane) og Kenneth og Rita Dunn. Dei meiner at sjølv om dei fleste menneske kan lære seg nye ting på fleire forskjellige måtar, så passar ein eller to måtar kvart individ best. Utnyttar ein dette når nye ting skal lærast, oppnår ein best resultat, og innlæringa går fortare.
Dersom vi skal kunne tilpasse undervisninga til behova til kvar enkelt elev, bør ho innehalde ulike måtar å tileigne seg kunnskap på. Dess meir variasjon undervisninga kan by på, dess større er sjansen for at fleire skal lære. Stil seier noko om korleis eleven vel å møte utfordringar i læringsmiljøet. Dette betyr at stilen til ein elev kan variere i ulike miljø og i forhold til utfordringar av forskjellig karakter. Ein stil skil seg frå ei evne ved at han kan vere betre enn ein annan stil i ein gitt situasjon eller eit gitt miljø, men til forskjell frå evner skal alle stilar i gjennomsnitt vere like gode. Stilar må ikkje forvekslast med intellektuelle evner eller personlegdom. Dei ulike læringsstilane blir skildra slik:
Passar best for elevar som framfor alt bruker hørsla ved innlæring. Dei lærer best gjennom å lytte, prate og syngje.
Passar for elevar som framfor alt bruker synet ved innlæring, gjennom å lese, sjå på bilete, sjå filmar osv.
Fungerer best for dei elevane som framfor alt bruker følesansen, spesielt hendene, ved innlæring. Dei lærer best gjennom å gjere praktiske ting med hendene.
Eignar seg for dei elevane som bruker heile kroppen ved innlæring. Dei treng å røre seg, gjennom rollespel, leikar og dramatisering.
Vi kan også sjå to hovudtypar av læringsstilar når det gjeld det å handtere kunnskap og informasjon, der det viktigaste skiljet går mellom det analytisk-lineære og det syntetisk-lineære. Omsett til meir normalt språk betyr dette forskjellen mellom det å få lærestoffet presentert som heilskapar og deretter sjå på delane (sirkulært) og det å få stoffet presentert bit for bit som legoklossar og deretter å byggje alt saman til ein heilskap til slutt. Somme gonger og i visse samanhengar er dette det same som forskjellen mellom induktiv og deduktiv presentasjon av lærestoffet.
Tysktimane er ein arena der det er enkelt å leggje til rette for individuelle tilnærmingar til lærestoffet og oppgåvene. For læraren er det viktig å kjenne til læringsstilane i samband med planlegging av aktivitetar og utarbeiding av kriterium for vurdering. I Servus! har eg bevisst laga oppgåver tilpassa ulike læringsstilar. Teoristoffet går hand i hand med den praktiske tilnærminga i dei fleste oppgåvene.
Taksonomi handlar om å ordne måla for læring etter stigande vanskegrad. Blooms kognitive taksonomi frå 1956 har seks hovudtrinn, som eg har forenkla til tre når eg har laga differensierte oppgåver i Servus!. Oppgåvene i arbeidsboka er ordna på denne måten: dei enklaste oppgåvene er merkte med mellomblått, oppgåver merkte med mørkeblått er meir krevjande, og svart markering er mest krevjande, grovt sett tilpassa ein taksonomisk modell på tre trinn. Behovet for differensiering aukar dess lenger ein kjem, og fordi vanskegraden alt i alt er lagd på eit realistisk nivå ut frå nybegynnarsituasjonen, er oppgåvene differensierte i to nivå fremst i boka og i tre nivå utover i boka.
Oppgåver som ikkje krev meir enn reproduksjon og enkle handlingar.
Oppgåver som krev evne til fortolking, forklaring, bruk av ny kunnskap og meir kompliserte handlingar.
Oppgåver som krev evne til å undersøkje, klassifisere, samanlikne, generalisere, trekkje slutningar, drøfte, granske og kritisere. Desse oppgåvene krev også evne til å utføre temmeleg kompliserte handlingar.
Det har ikkje alltid vore lett å plassere oppgåvene i desse tre kategoriane – fleire kunne til dømes vore plasserte både på nivå 2 og nivå 3. Men eg reknar med at lærarane bruker skjønnet sitt, som eg har brukt mitt.
Blooms taksonomi kan tenkjast å svekkje arbeidet mot ein breiare kompetanse, mest fordi rein fagkompetanse kan bli dominerande. På den andre sida kan ein bevisst bruk av taksonomi medverke til å utvikle ein breiare kompetanse, noko som truleg er ein føresetnad for utvikling av kreativitet. Ei eller anna form for verdi-setjing vil i alle fall vere nødvendig i diskusjonen om kunnskapsmål. Elles vil andre reglar styre arbeidet, og da blir det gjerne tradisjonen.
Taksonomien speler inn når vi lagar kriterium for måloppnåing saman med elevane. Det er vesentleg å lage eksplisitte og presise målformuleringar som gjer det mogleg å avgjere i kva grad måla blir nådde. Bloom tilrår modular (avgrensa periodar med klare mål og vurdering i etterkant) på ei til to veker, der ein sikrar at alle heng med før ein går vidare. I tyskfaget vil taksonomien kunne brukast både når vi lagar lokale planar for faget, og når vi lagar oppgåver for elevane.
Dei grunnleggjande ferdigheitene skal prioriterast i alle fag. Ferdigheitene er integrerte i kompetansemåla i tyskfaget, på faget sine eigne premissar. Dei er knytte til faginnhald og aktivitetar. Stortingets innstilling til «Kultur for læring» inneheldt fem grunnleggjande ferdigheiter. Dei går den nye regjeringa inn for å behalde. Desse fem ferdigheitene inneber:
Regjeringa har i tillegg føydd til «ferdigheiter i engelsk», «læringsstrategiar og motivasjon» og «sosial kompetanse» til dei allereie vedtekne grunnleggjande ferdigheitene. Oppgåvene i Servus! er lagde opp slik at elevane skal få mange sjansar til å arbeide variert med dei reseptive, interaktive og produktive ferdigheitene, dvs. lytte, lese, snakke og skrive. Både arbeidsboka og grunnboka inneheld også Internett-oppgåver av ulike typar og oppgåver som integrerer rekneferdigheita i tyskopplæringa. Nedanfor følgjer ei kort skildring av tankane bak ferdigheitstreninga i Servus!:
Det er lagt opp til ulike munnlege oppgåver i tekstboka. Elevane skal heilt frå første leksjon få høve til å snakke tysk. Worum geht’s? er oppgåver som stiller konkrete spørsmål til tekstane. Spørsmåla gjer det enkelt for elevane å prøve ut språket. Det skal vere lett å finne svaret i teksten. Elevane får på denne måten sjanse til å vise at dei har forstått lesestykket.
Sag mal was! er forslag til munnlege aktivitetsoppgåver som fører vidare hovudtemaet i leksjonen. Her skal elevane få høve til å jobbe friare med det munnlege. Det er viktig at dei blir trygge på at dei kan prøve og feile på tysk, at dei utviklar vilje til å snakke tysk, og at hovudsaka ikkje er det språkleg korrekte.
Elevane bør tidleg få byggje opp god lytteforståing og bør derfor ofte få høve til å trene denne ferdigheita. Mange av tekstane, saman med songar og dikt, er å finne i den digitale utgåva av boka, slik at ein kan høre autentisk tysk i klassarommet. Det er også lagt opp til ei lytteøving til kvar leksjon. Sjølve lytteøvingane, saman med tekstane og oppgåvene ligg på nettstaden til Servus!.
For at elevane skal bli bevisstgjorde om si eiga språkutvikling, kan det vere ein idé å leggje opp til ulike aktivitetar som inneber at elevane aleine eller i gruppe tek opp munnlege aktivitetar på tysk. Det kan til dømes vere førebudd eller uførebudd innlesing av tekst, fri forteljing eller eigne dialogar. Desse kan eventuelt brukast i samband med mappevurdering eller som aktivitet i klassarommet. På denne måten kan elevane få følgje og samanlikne si eiga språkutvikling når det gjeld uttale, ordforråd, språkstruktur og flyt i språket.
Når ein lærer eit nytt språk, er det viktig å få høve til å lese mykje. I Servus! møter elevane mange ulike teksttypar. Dei les blant anna dialogar, kortare og lengre tekstar, eventyr, dikt, songar, rim og vitsar. Elevane skal få høve til å lese ulike sjangrar på framandspråket. Mange av dei autentiske tekstane er skrivne om eller forkorta, slik at dei er tilpassa vanskegraden i verket og det forventa ferdigheitsnivået til elevane. Visse tekstar (til dømes dialogar) introduserer eit grammatisk tema og bør lesast og gjennomgåast grundig. Men ikkje alle tekstane må lesast like inngåande av alle elevane. Somme gonger kan du som lærar velje å behandle eit tema felles i gruppa, og andre gonger kan elevane arbeide aleine eller i små grupper med tekstar dei sjølve har valt. Andre tekstar er små smaks-prøver på språklege tema, til dømes gjennom dikt, Zungenbrecher eller rim. Enkelte av tekstane kan verke lange eller vanskelege, men når ein trenar leseforståinga, er det viktigare å forstå heilskapen og kunne oppdage samanhengen enn å forstå kvart enkelt ord. Å lære å beherske også denne typen leseteknikk er verdifullt i mange samanhengar.
Servus! tilbyr skriveoppgåver i aukande grad etter som elevane tileignar seg meir og meir tysk. Det er viktig at alle, både nybegynnarar og vidarekomne, får sjansen og tryggleiken til å kunne skrive tysk og sjå at bodskapen faktisk kjem fram og blir forstått, sjølv om ikkje alt er rett stava eller bøygd. Arbeidsboka inneheld mange forskjellige skriveoppgåver, frå små dialogar og dikt til lengre tyske tekstar.
Internettoppgåvene i bøkene gir trening i å søkje og bruke relevant informasjon med digitalt verktøy. Dette gir også elevane høve til å møte autentisk språkbruk. Nettsidene som det er vist til i oppgåvene, er bevisst valde ut med tanke på at elevane lett skal kunne finne fram og få utbytte av dei. Å trene ferdigheita i å vurdere Internett eller digitale medium er også noko av formålet med denne typen oppgåve. Elevane kan trene ytterlegare på eit grammatisk tema ved hjelp av oppgåvene på nettstaden til Servus! Her finn dei eit mangfald av sjølvinstruerande oppgåver som følgjer leksjonane i bøkene, og dessutan frittståande øvingar i dei grammatiske temaa dei skal igjennom.
Ved innlæring av eit andre eller tredje framandspråk er det viktig å byggje på det elevane alt kan, og den kompetansen dei fleste allereie har når det gjeld språklæring. Ein bør derfor kunne trekkje trådar mellom både norsk, tysk og engelsk i språkundervisninga, og det kan vere nyttig å samanlikne med engelsk ved innlæring av grammatikk, slik Servus! til ein viss grad legg opp til.
Ferdigheiter i engelsk vil elevane også kunne tileigne seg når dei søkjer på Internett. Funksjonar i dataprogram er ofte på engelsk, og mykje fagstoff på Internett er også det.
I tyskfaget har elevane høve til å sjå konkrete konsekvensar av vala sine. Måten dei vel å løyse ei oppgåve på, skriftleg og/eller munnleg, vil ofte ha eit produkt som resultat. Dette kan vere skriftlege tekstar av ulik sjanger og munnlege produkt som skodespel, foredrag, songar og dikt. Motivasjonen aukar når elevane lykkast med noko, og eg trur også han aukar når dei får bruke både hovud og kropp.
For kvar leksjon i grunnboka er det gitt opp mål. Desse måla kan fungere som utgangspunkt for elevane til å definere sine eigne læringsbehov, til sjølve å formulere eigne mål for læringa si og til å diskutere og velje læringsstrategiar. Til slutt i kvar leksjon kan elevane sjølve vurdere i kva grad dei har nådd måla sine, i ein «Test deg sjølv». Denne testen er fin å definere sine eigne læringsbehov vidare ut frå.
I den faste refleksjonen som følgjer etter testen (sjå side 3 i arbeidsboka), blir eleven oppfordra til å tenkje igjennom læringsprosessen sin gjennom konkrete spørsmål. Eleven vil måtte tenkje bevisst på si eiga læring og problemløysing og vil derfor tileigne seg metakognitiv kompetanse. Vidare kan læraren nytte kopioriginalane 1a og 1b: «Evaluering av eige arbeid». Med hjelp av desse listene kan eleven øve seg i å vurdere si eiga språkferdigheit og setje opp mål for språklæringa si. Listene kan også gi læraren ei oppfatning av kor langt eleven er kommen i språkutviklinga si, og kva han eller ho treng å utvikle.
Sosial kompetanse handlar om kor stor evne individet har til å samspele med andre i ulike situasjonar. I skolesamanheng snakkar ein om utvikling av empati, samarbeidsferdigheiter, sjølvhevding, sjølvkontroll og ansvar og om leik, glede og humor. Forsking viser at musikk, kultur, kreative fag og vektlegging av estetikk har positiv innverknad på læringsingsmiljøet når det blir brukt aktivt og bevisst. I tyskfaget aukar ein den sosiale kompetansen gjennom å ha klart definerte oppgåver og vurderingskriterium, men samtidig fridom til å sleppe kreativiteten og fantasien laus. Den sosiale kompetansen som elevane skal lære, må etterspørjast, oppmuntrast og verdsetjast i læringsmiljøet rundt dei, og det må leggjast til rette for at dei kan bruke ferdigheitene sine.
Servus! legg opp til mykje praktisk språktrening, og det er derfor viktig at elevane får ulike høve til å lære ord og uttrykk. Tanken bak fleire av dei munnlege og skriftlege oppgåvene er at elevane skal arbeide aktivt med og kontinuerleg utvide ordforrådet sitt.
Det finst utvalde gloser ved kvart kapittel; viktige ord og idiom står direkte ved teksten og dei andre glosene i høgre marg som hjelp til leseforståinga. Ein kan variere bruken av desse margglosene etter kva for nivå eleven er på.
På nettressursen finst det eit interaktivt glosetreningsprogram, der elevane kan øve på dei aktuelle glosene til kvart avsnitt i boka.
I tillegg finst det alfabetiske ordlister (tysk–norsk og norsk–tysk) og temagloseliste bak i grunnboka. Ideen bak temaglosene er at dei skal kunne brukast til dømes i samband med rollespel eller andre aktivitetsoppgåver der elevane arbeider grundigare med eit tema.
I arbeidsboka er det ei rekkje ulike glosetreningsoppgåver: Wortsalat, Buchstabensalat, stigespel, «kva for vokalar manglar», osv. Glosebingo/verbleikar/gloseprøver kan vere vidare aktivitetar som stimulerer til gloseinnlæring (sjå: forslag til pedagogiske leikar) (s. 99).
For å beherske eit framandspråk både munnleg og skriftleg er det nødvendig å ha eit godt grammatisk fundament. Samtidig skal ikkje språklæring berre vere grammatikkbasert. I Servus! er grammatikken ein naturleg del av bøkene, og elevane møter tysk grammatikk på ein morosam og utfordrande måte, gjennom teori og leik. Servus! følgjer ein formålstenleg grammatikkprogresjon, og i arbeidsboka får elevane høve til å arbeide grundig med temaa som blir introduserte. Det er eit rikt utval av oppgåver – både leikande og meir teoretiske, i form av blant anna innfyllingsoppgåver, spel og rebusar. Det finst også ein minigrammatikk som på ein enkel måte forklarer grammatikken som blir gjennomgått i Servus!. Denne kan fungere som ein oppslagsdel elevane kan slå opp i sjølve. Minigrammatikken er både i grunnboka og på nettressursen. I tillegg har elevane interaktive grammatikkoppgåver på nettressursen.
Kvar leksjon i Servus!! begynner med ei pretekstuell side. Denne sida består av bilete som er meint å vere ein tematisk oppstart til leksjonen. Elevar liker godt å jobbe med bilete, og mange kan snakke mykje meir rundt eit bilde enn om ein tekst. Det følgjande er nokre tips til spørsmål læraren kan bruke i samband med det pretekstuelle biletet. Spørsmåla må sjølvsagt justerast i forhold til kor langt ein er komen i undervisninga.
Elevane skriv opp eit antal gloser (til dømes fem) på tysk frå den aktuelle leksjonen. Alle vel sjølv sine eigne gloser. Læraren les opp ord for ord frå leksjonen på norsk, og elevane krysser av når deira ord blir lest opp. Alt skjer i stille. Den eleven som først har kryssa av alle glosene sine, roper «bingo!» Kan også brukast om tal, bokstavar, verb, adjektiv, substantiv osv.
Dette er ein morosam måte å ha «gloseprøve» på. Del klassen i to (eller meir). Læraren står framme og seier ei glose (på norsk) frå leksjonen dei har i lekse til den dagen. Kvar gruppe må diskutere saman og finne det rette svaret og sende ein representant opp så fort som mogleg for å skrive ordet på tavla. Riktig svar gir 1 poeng på tavla. Gruppa har ikkje lov til å sende den same personen opp meir enn ein gong – på denne måten må alle samarbeide, og alle får delta.
Seks elevar på kvart lag. Kvar elev representerer ei verbending: 1., 2., 3. eintal, 1., 2., 3. fleirtal. Læraren begynner med å si eit verb i infinitiv (gjerne på norsk) til eit av laga. Dette verbet skal no bøyast med riktige endingar. Elevane på laget får ikkje lov til å kommunisere med kvarandre. Dersom ein elev har feil ending, går verbet over til det andre laget. Det løner seg altså å følgje svært godt med. Ett poeng for kvart riktig verb.
La elevane sjølve lage gloseprøver etter tur og eventuelt rette for kvarandre.
Ein trekk eit kort med tema, og eleven snakkar tysk i eitt minutt. Til dømes: AUTO. Es fährt schnell. Mein Lieblingsauto ist BMW. Das Auto kommt aus Deutschland … Andre emne kan vere: Mein Freund / Meine Freundin, Mein Hobby, Meine Familie. Denne aktiviteten kan varierast med førebuing heime, at elevane får ta med ting og vise fram, bruk av støtteord/-ark og framføring for små grupper, for læraren eller for heile klassen.
Ein elev skal vere ein hemmeleg gjest, og dei andre skal prøve å finne ut kven han eller hun er. Det er berre lov til å stille ja/nei-spørsmål.
Mimeleiken passar til øving av verb, substantiv og adjektiv. Ein deler gruppa i to lag. Ein frå det eine laget mimar eit verb (eller andre ordklassar) som motstandarane har valt. Elevens eige lag skal gjette. Poenga blir delte ut på tavla.
På kopioriginal 15a og 15b finn du eit blankt stigespel til eiga utfylling som kopioriginal. Spelet eignar seg godt til alle slags grammatiske tema og som glosetrening.
Klipp ut kort. To kort har lik tekst. Elevane speler i grupper på to til fire. Alle tema kan brukast. Korta ligg med den blanke sida opp. Deltakarane må hugse kor para er gjemt. Ein bør kunne omsetje eller bøye orda før ein får stikket.
Tenk på eit tal eller ein bokstav (klassen definerer sjølv rammene, til dømes 1–20). Elevane skriv eit tal eller ein bokstav på ein lapp. Deretter går dei rundt og prøver å finne ut kva for tal eller kva for bokstav dei andre har, ved å spørre: Bist du Nummer 3? Bist du Y? Det er altså ikkje lov å svare kva for nummer ein har, ein skal berre svare ja eller nei. Når dei har funne ut kva for tal den andre eleven har, skriv dei ned namn og nummer eller bokstav før dei går vidare. Den som finn flest tal eller bokstavar, har vunne.
Vel eit langt ord (til dømes Fußballmannschaft). Skriv det på tavla eller på eigne ark (avhengig av om ein leikar i plenum eller i grupper). Finn deretter ord som ein set inn loddrett, slik at dei passar inn med begynnarordet. Det treng ikkje passe vassrett. I dette dømet må ein finne 17 ord som skal passe inn. Leiken eignar seg godt som gruppekonkurranse.
Her skal ein finne flest ord innanfor eit emne på kortast mogleg tid: Jacke – Hose – Hemd, Mutti – Vati – Opa, Baum – Blume – Gras Leiken eignar seg både i grupper og i plenum.
Alle står når leiken startar. Læraren begynner med å si eit ord, til dømes Winter. Den som står ved sida av, må finne eit nytt ord som begynner med siste bokstav i ordet som blei sagt, R: Winter – Regen – Nase – Elch – Hose. Den som ikkje finn på noko, må setje seg. Den siste som står igjen, har vunne. Kan også spelast i mindre grupper eller ein og ein.
Ein elev eller læraren begynner med eit ord, neste elev held fram, til dømes: die, die Sonne, die Sonne scheint, die Sonne scheint und … Setningan(-e) kan skrivast på tavla etter kvart, og kanskje blir det ei lita forteljing?
Elevane tel høgt i smågrupper. Når dei kjem til eit bestemt tal, til dømes 3, skal dei si noko anna, til dømes Auto eller Hallo. Dei skal unngå talet 3, tal som kan delast med 3, og andre tal som inneheld 3 (23, 13, 73 osv.), og alltid seie det ordet som er valt når dei kjem til tal som desse. Dei som bommar, er ute av konkurransen. Den som står igjen til slutt, har vunne.
Éin elev står i midten mens alle andre sit på kvar sin stol i ein ring rundt. Den som står i midten, skal si noko om seg sjølv på tysk. Dette kan variere alt etter kor ein er i boka. Kanskje er det lurt å la elevane førebu seg litt først og lære nokre setningar utanåt som dei kan bruke: Ich bin 17 Jahre alt / Rot ist meine Lieblingsfarbe / Ich mag Rammstein / Ich komme aus Norwegen / Ich spiele Fußball / Ich trage Jeans … Alle andre som dette også stemmer for, må reise seg og finne ein ny stol å sitje på – det er ikkje lov å setje seg på den stolen ein sat på sist! Den som ikkje finn ein stol, må stå i ringen og seie noko om seg sjølv. Dersom ein seier noko som ikkje stemmer for nokon andre, må ein finne på noko nytt.
På kopioriginal 37 er det bilete av to rom, A og B. Desse kan brukast til ei munnleg oppgåve der elevane skal finne ut kva som er forskjellig, til dømes antal bøker på bordet, plassering av stolen og utsjånad på klede. Denne oppgåva eignar seg godt til å trene på preposisjonar, adjektiv og leddsetningar med als/wie, i tillegg til gloser frå leksjonane.
Bruk kopioriginalane 30–32. Desse tek for seg akkusativpreposisjonar, dativpreposisjonar og modale hjelpeverb. Elevane skal klippe ut ord og setningsdelar, og setje dei saman til heile setningar. I somme tilfelle er fleire løysingar mogleg.
La elevane klippe ut vêrsymbola på kopioriginal 57, og bruke dei til å lage si eiga vêrmelding. Bruk tysklandskartet på kopioriginal 4, eller eit anna kart. Det kan vere eit oppdikta langtidsvarsel, eller dei kan få i oppgåve å finne vêrmeldinga for dagen i ei avis eller på nettet, og framføre dette for klassen eller i grupper. Somme elevar har kanskje lyst til å lage eit lite «show» ut av det?
Tal på spelarar: 1–3. Klipp ut sekskantane på kopioriginal 34.
Ein spelar: Legg ut eitt kort på bordet og bygg på med andre kort, slik at dei sidene som ligg mot kvarandre passar saman. Korta kan leggjast i ulike mønster. Med fleire spelarar deler ein ut korta, like mange til kvar. Spelarane legg eit kort kvar etter tur. For kvar side som passar saman, får spelaren eit poeng. Det er om å gjere å leggje ut kortet slik at fleire sider passar saman. Det gir fleire poeng.
På kopioriginal 35 er det tomme sekskantar som kan brukast til å lage spel som tek for seg andre tema, til dømes verb i preteritum, laust samansette verb eller repetisjon av leksjonar.
Goethe Institutt har mange tekstar og oppgåver.
På denne danske heimesida kan du finne grammatikkoppgåver, spel og tekstar. Det er eit hav av materiell for alle nivå.
travlang.com
Her kan ein velje tysk språk og trene på ulike tema, til dømes tal, shopping, mat og drikke.
sowieso.de
Avis for unge lesarar.
blinde-kuh.de
Søkjemotor for barn og ungdom.
disney.de
Her finn du morosame spel og alt om Disneys ulike figurar. Det er også eit utval små teikneseriar på tysk.
juma.de
Ungdomsmagasin.
dfb.de
Dette er heimesida til den tyske Bundesliga.
michael-schuhmacher.de
Ei tysk side om Formel 1-kjendisen.
snowboarden.de
Her kan du lese alt om snowboard.
scaruffi.com
Dei største målarane.
detektiv-klub.de
Her kan ein vere med i klubben og få ulike oppdrag. Det finst også gåter og spel.
kadewe.de
Alt om det kjende varehuset i Berlin. Her kan ein gjere ei virtuell vandring i kjøpesenteret. Klikk erfahren og deretter bummeln.
karneval.de
Fakta om karneval og om korleis det blir feira på ulike stader.
otto.de
Bilete og prisar på klede og sportsartiklar.
rezepte.net
Oppskrifter og ei kjøkkenordbok.
spruengli.ch
Ei heimeside om sjokolade frå Sveits.
katzen.ch
Alt om kattar.
hunde.com, hunde-fan.de
Alt om hundar.
tierfreund.de
Klikk på Juniorseiten. Infosider om ulike dyr.
Faktasider om dei fleste husdyra som finst.
Heimesida til zoologisk hage i Zürich.