Lektion 9 - Das dritte Reich

Leksjon 9 tar for seg tema rundt 2. verdskrigen, og elevane les om Anne Frank og hennar dagbok, nokre aktuelle dikt som handlar om krig ,og dei lærer om syskena Scholl og die Weiße Rose.
I grammatikken møter elevane verb i preteritum.

Førlesning
Dette kan vere eit språkleg vanskeleg tema, så her er det truleg mest føremålstenleg å innleie leksjonen på norsk. Kva veit elevane eigentleg om 2. verdskrigen? Skriv «Anne Frank» på tavla og lag tankekart.
Deretter kan ein setje opp ein del ord og uttrykk på tysk: der Krieg, im Krieg, während des Krieges, der Tod, der Angriff, die Soldaten osv.

Tekstene

A

Teksten om Anne Frank er både ein god lese- og samtaletekst. Bruk spørsmåla under Worum geht’s? til å diskutere innhaldet. Etterpå skal elevane lage eit intervju med Anne Frank. Her kan dei ta utgangspunkt i teksten og dei historiske hendingane, eller dei kan jobbe friare og for eksempel intervjue den 13 år gamle Anne om hennar kvardag.

B
Utdraga frå Anne Franks dagbok gir høve til å fordjupe seg meir i emnet. Dagboktekstane eignar seg godt til samtale og som utgangspunkt for blant anna litt større prosjekt/gruppearbeid. Elevane kan bruke dei oppgjevne nettstadene som kjelder for eit foredrag, finne meir informasjon om Anne Frank enn det som står i grunnboka, eller dei kan jobbe saman i grupper og presentere kvar sin nettstad. Del B inneheld også dikt som høver godt til diskusjon og ettertanke. Dikta bør lesast saman, slik at vanskelege ord og uttrykk kan forklarast. Gruppeoppgåva på Internett om konsentrasjonsleirar fungerer fint som forarbeid og førebuing til samtaleoppgåva i del C.

C
Heile del C består av ei Sag mal was!-oppgåve. Dikt og bilete er valde med intensjon om å vekkje tankar i samband med temaet som leksjonen tar for seg. Bileta viser ulike sider ved 2. verdskrigen i Tyskland og kan vere ein inngangsport til vidare arbeid med andre tema i tillegg til dei som har fått fokus i Los geht’s! Kontrasten er stor mellom marsjerande Hitler-jugend og fortvilinga hos den 16 år gamle soldaten under dei siste krigsdagane i Berlin. Ønskjer ein å fordjupe seg meir i dette emnet, kan bl.a. filmen Napola – Elite für den Führer (2004) anbefalast. Napola står for «Nationalpolitische Erziehungsanstalt», og filmen fortel historia til to unge gutar på ein eliteskole sterkt prega av den nazistiske ideologien.
Dei andre bileta viser riksdagsbrannen i Berlin og dei såkalte «Trümmerfrauen». Snakk om bileta. Del gjerne klassen i mindre grupper og fordel bileta. Elevane kan presentere tankar dei har gjort seg.

D
Teksten om Die Weiβe Rose kompletterer tematikken i kapitlet med historia om ei tysk motstandsgruppe under krigen. Det finst også ein nyare film om syskena Scholl som kan visast om nivået i klassen/gruppa tillet det: Sophie Scholl. Die letzten Tage (2005). Meir informasjon om filmen kan du finne her:
www.sophiescholl-derfilm.de

Oppgåvene
Oppgåvene i leksjon 9 handlar om preteritum. Denne fortidsforma blir mykje brukt i skriftleg tysk, mens presens perfektum blir mest brukt munnleg. Det er viktig at elevane får god kjennskap til bøyinga av haben og sein i preteritum i denne leksjonen.

fbf-logo.png
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern