I denne leksjonen lærer elevane å fortelje om seg sjølve og familiane sine, og her blir det bygd vidare på det som allereie er gjennomgått, f.eks. når det gjeld å fortelje kvar ein er frå, og om hobbyar. Elevane lærer også om ulike yrke, og det er viktig at dei ser forskjellen på kvinner og menn som utøver yrka: Lehrer/Lehrerin. I denne leksjonen blir eigedomsord innførte.
Førlesning
Sjå på «stamtreet» på den pretekstuelle sida og snakk om kva familiemedlemmene heiter på tysk. Kva for familiemed-lemmer ser de på bileta? Spør elevane: Per, hast du eine Schwester? Wie heißt sie? Kari, hast du einen Bruder? Wie heißt er?
Tekstene
A
Hør teksten i den digitale boka. Be elevane skrive opp familiemedlemmer dei hører. Bruk deretter teksten som utgangspunkt for samtale om familiane til elevane. I arbeidsboka kan dei øve meir på uttrykka for familiemedlemmer og teikne sitt eige slektstre.
Faktaboksen «Zahlen und Deutschland» på s. 43 fortel oss mykje om det tyske samfunnet. Les igjennom han på tysk og snakk om innhaldet. Boksen eignar seg godt til å repetere tal og til ein samtale rundt familieforhold. Samtalen bør på dette stadiet vere på norsk. Teksten kan også brukast som utgangspunkt for ein veggplakat eller ein liten power point-presentasjon der ein samanliknar med tilsvarande tal for Noreg.
Kopioriginal:
Blant kopioriginalane finn du «Die Familie» (nr. 25) og «Stammbaum» (nr. 26). La elevane lage sitt eige slektstre. Dette kan vere ei morosam oppgåve dei kan gjere saman med familien sin. Kven finn flest greiner bakover? Presenter for kvarandre: Meine Oma (die Mutter von (meiner) Mutter) heiβt Trude. Ihre Mutter hieβ Klara, osv.
B
Was ist dein Traumberuf? Diskuter draumeyrka til elevane før de les teksten. Ta ein rask spørjerunde i klassen og finn ut kva ungdommane drøymer om å jobbe med. Kvifor har dei akkurat dette draumeyrket? Diskuter kva elevane meiner er «gode» yrke og ikkje. Har «gode» yrke med status å gjere? Kor viktig er pengar, ferie, utdanning? Diskuter først på norsk, og noter gjerne tyske ord og uttrykk på tavla undervegs.
Oppgåva under Sag mal was! kan gjerast mykje eller lite ut av etter kva ein ønskjer eller har tid til, og etter nivået i klassen. Det enklaste er kanskje at elevane undersøkjer kva for yrke ulike familie-medlemmer har, og stiller dei nokre enkle spørsmål. Etterpå kan dei presentere dette munnleg eller skriftleg.
Internett-oppgåva går ut på å søkje etter kva for yrke som er mest populære i Noreg og i Tyskland. Elevane kan bruke www.google.de og leite etter populære yrke her. Det kan vere vanskeleg å søkje sjølv, men dersom du gir elevane Internett-adresser for statistikkbyråa www.ssb.no eller www.destatis.de, vil dei kunne hente ut informasjon.
C
Teksten handlar om astronautyrket. Dette er jo ikkje det vanlegaste yrket vi kan velje, men teksten tek for seg kriterium som må oppfyllast for å bli astronaut. Dette er kriterium som også gjeld for andre yrkesgrupper. Klassen kan delast inn i smågrupper og lage liknande kriterium for andre yrkesgrupper. La dei lage «Eigenschaften» og «Jobkriterien» for eksempel for ein bakar, ein lærar, ein fotograf eller ein bonde.
Stjerneteikna kan brukast til å repetere ordenstal. Kva er fødselsdatoane til elevane, og kva for stjerneteikn hører dei til? På blant anna desse Internett-adressene kan elevar som ønskjer større utfordringar, finne horoskop som kan vere morosame å arbeide vidare med:
www.freundin.de
www.bravo.de (søk på «horoskop»)
Ei oppgåve kan vere at dei ut frå desse horoskopa skal prøve å finne ut kva som er «typisk» for deira stjerneteikn, eller korleis utsiktene er for den månaden horoskopet gjeld.
D
Dikta kan brukast til å diskutere ulike tema som har med familie, yrke og kjønnsroller å gjere. Korleis tolkar elevane dei? Vanskelege ord bør ein gjennomgå i plenum på førehand.
Grammatikken som blir innført i samband med denne leksjonen, er eigedomsord. Ei grammatisk oversikt finn de i oppgåve 4 i arbeidsboka.